Fløytelåt
by Jacob Sande, Geirr Tveitt
- Type:
- Chromatic
- Key:
- C
- Posted by:
- Muskox
- -6 -6 6 -6 -6 -5 6 5* -5
- Selja står saftgrøn og sevjemjuk,
- -6 -6 6 -6 -6 -5 5 -4 4
- kvistfri og ferdig til fløytebruk
- -7 8 -8 8 -7 6 7 -7
- for hage smågutehender.
- Tonen kjem smygande, mjuk og var,
- aukar i kraft og fær døyvde svar
- langt borte frå andre grender.
- Solgylt og djup med ein eim av vår,
- slørd som i lengt og vemodig sår
- han skiftande stig og bårar.
- Gåta om livet ligg løynd der i
- jordbundne krefter som gjer seg fri,
- løyst ut gjennom tusen vårar.
- Småfuglen tagnar i skogen då,
- undrande sit han og lyder på
- og gløymer seg lange stunder.
- Barnet som stabbar i garden lær,
- undrar seg på kva vel dette er
- for spelande, blankt vedunder.
- Frostvar på tun står ein gamal mann,
- minnest den gongen då ogso han
- sprang berrføtt i fjell og finne.
- Tonane leikar i hugen hans,
- augo står fjerne med dimslørd glans
- mot barndommens bleike minne.