2 2 3 -4 -4 -3 -2* 3 2 -1
Lat fela låte, du gut som kan det!
2 -2* 3 2 3 -4 (4* -4 -3) -4
Spel sol og skugge, spell tru og tross!
-4 -4 6 6 -5 -4 -5 4* -3 -4 3
Leit fram ei tone frå Løyndomslandet,
3 -3 -4 3 2 3 (-2* -1 -2*) 2
som skin i deg og som glø'r i oss.
2 -1* 2 -2* -4 -3 3 -2* 3 -2* 2
Spel oss eit ljos over vintervegen,
-2* 3 -3 -4 -5 (4 -3 4) -4
og spel ein skratt over sumarsti.
-4 6 6 -5 -4 -5 4* -3 -4 3
Spel so vi høyrer vårt eige hjarta:
3 -3 -4 3 2 3 (-2* -1 -2*) 2
ei lita kviskring som flyg forbi.
Spel oss ei kappe kring våre sorger,
óg spel om takksemd og glea' med.
Og når vi går her med varg i bringa
så spel om einsemd og spel om fred.
Og spel om elskhug og spel om draumar.
om heite kroppar innunder fell.
Ja spel så lengten stig opp frå bygda
omot jentelokken frå Vikafjell.
Vi ber om mykje men skjønnar lite,
kan hende gret du når andre lo
kan hende det bivra iunder strengen
en klag som du, berre du forstod.
Kva veit vel vi om dei løynde ve'eder
der du har leita med hug og hand,
Vi skjønnar lite, men ber om mykje.
vi veit du leita, vi veit du fant.
Men høg er løna for Sigbjønslåtten
sjå gamle andlet får unge drag
sjå elden kveikjest i trøyte augo
hos ein som krøktes av livsens slag
Så spel du Sigbjørn, du gut som kan det.
der din din lagnad, det er din veg
ja, så spel oss heimat til løyndomslandet
som glør i oss og som skin i deg.