Print | Close | Home
Song Name: Fl�ytel�t By: Jacob Sande, Geirr Tveitt
Posted By: Muskox Difficulty: Any
Key: C Genre: General
Harp Type: Chromatic
Created: 2015-02-15 09:12:44 Modified: 2015-02-15 09:16:32


Song:

 

  • -6 -6 6 -6 -6 -5 6 5* -5
  • Selja står saftgrøn og sevjemjuk,
  • -6 -6 6 -6 -6 -5 5 -4 4
  • kvistfri og ferdig til fløytebruk
  • -7 8 -8 8 -7 6 7 -7
  • for hage smågutehender.

 

  • Tonen kjem smygande, mjuk og var,
  • aukar i kraft og fær døyvde svar
  • langt borte frå andre grender.
  •  
  • Solgylt og djup med ein eim av vår,
  • slørd som i lengt og vemodig sår
  • han skiftande stig og bårar.
  •  
  • Gåta om livet ligg løynd der i
  • jordbundne krefter som gjer seg fri,
  • løyst ut gjennom tusen vårar.
  •  
  • Småfuglen tagnar i skogen då,
  • undrande sit han og lyder på
  • og gløymer seg lange stunder.
  •  
  • Barnet som stabbar i garden lær,
  • undrar seg på kva vel dette er
  • for spelande, blankt vedunder.
  •  
  • Frostvar på tun står ein gamal mann,
  • minnest den gongen då ogso han
  • sprang berrføtt i fjell og finne.
  •  
  • Tonane leikar i hugen hans,
  • augo står fjerne med dimslørd glans
  • mot barndommens bleike minne.